Høgde: 1717 moh.
Tid: 5 timar
Lengd: 6 km
Stigning: 1400 m
Start: Nibbedalen
Utstyr: Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar og skarejern ved behov.
Ver merksam:
Svaområde og elveløp. Det er svaberg inn mot Blåfjellet der det lett kan gå skred, så styr unna elvedalen, ver merksam på bresprekkar, brattbakken i 1200 meters høgd har ein hellingsvinkel opp mot 40 grader.
Fin pausestad:
Ved ca.1100 m høgde. Flott utsikt.
Særpreg:
Høgaste toppen i Sunnmørsalpene
Krydder:
Ein tur innom Villa Norangsdalen, det gamle turisthotellet frå 1885.
Parker på vegen mellom Tryggestad og Fivelstad. Frå parkeringa i Nibbedalen følgjer du ein sommarsti gjennom skogen før det opnar seg eit flott skiterreng oppover Snødalen. Ved 1100 meters høgde skrår du mot høgre (nord) i retning og i høgde med Blåfjellet. Her ifrå tar du fatt på det brattaste partiet av turen, opp i høgde med Kvanngrønibba, og følgjer ryggen i slakt terreng nordover mot toppen. Nedkøyring same veg.