Høgde: 1564 moh.
Tid: 2 timar til toppen
Lengd: 3 km
Stigning: 818 meter.
Start: Patchellhytta
Særpreg:
Nydeleg utstyn mot Brekketindane, Store Smørskredtind og Jakta på veg opp, og storslått utsyn på toppen ned i Norangsfjorden og mot Sæbø og toppane rundt.
Fin pausestad:
Oppe på ein av kollane med utsyn ned til den grøne og vakre Norangsdalen før siste kneika opp.
Krydder:
Overnatting på Patchellhytta med god mat, drikke og prat om kvelden. Det ærverdige Hotel Union Øye.
Sjå turskildringar til Patchellhytta ein annan stad i boka. Følg stien vestover frå Patchellhytta til Steinreset. Ruta går over dei to puklane ein ser frå hytta.
Stien går vidare i krappe svingar opp den bratte og breie fjellryggen til litt slakkare ved ein fortopp. Enkel klyving opp til toppen.