Høgde: 1586 moh.
Tid: 4,5 timar til toppen
Lengd: 6 – 7 km
Stigning: 1360 m
Start: Urke i Ørsta
Ver merksam:
Gå i tørt vêr for å unngå glatte sva i Nordkopen. Skumle snøbruer i Nordkopen.
Eit kort, luftig klyv på egga før Rånaplatået.
Særpreg:
Storslått tur, nyt synet av Urkedalstindane på veg opp, la deg fasinere av dei utruleg bratte Elsandstindane, den nydelege Lisje-Trandalen og sjølvsagt utsynet frå toppen.
Fin pausestad:
Nordkopen før skaret.
Krydder:
Ta ein tur innom Midtre Regndalstind på veg til Råna. Legg inn eit lite stopp ved den idylliske Haukåssetra.
Turen startar på Urke. Køyr inn Urkedalen på bomveg til Haukåssetra. Her ifrå følgjer du stien gjennom Urkedalen. Vi valde å gå til venstre (vest) i Nordkopen, opp dei bratte svaa til Nordkopskaret.
Følg fjellryggen oppover, her passerer du eit luftig klyv før du kjem på sjølve platået. Følg platået heilt til toppen. Ned igjen same veg.