Høgde: 1419 moh.
Tid: 4 timar til toppen
Lengd: 4 km fra Melbøsetra/ 6 km fra Vollane
Stigning: 1200 m
Rundtur: Start: Melbøsetra i Barstadvika
Slutt: Vollane i Barstadvika
Ver merksam:
Steinsprang
Særpreg:
Dei fantastiske Molladalstindane og det spektakulære utsynet frå toppen mot Randers topp, Mohns topp og utover mot øyane og havet.
Fin pausestad:
Den store steinen ved teltplassen. Steinbordet og stolsteinane ved Rametinden
Krydder:
Overnatting i telt i Molladalen. Eit bad i Storevatnet.
Ta av ved Barstadvik, og køyr 2 kilometer inn Erdalen. Parker ein bil ved Vollane og køyr deretter vidare inn i dalen. Ta av setervegen og parker på Melbøsetra. Følg skilt og tydeleg sti gjennom skog til Molladalen. Følg stien vidare til du når Storevatnet, der tek du bratt opp grasbakkane for Jønshornrenna. Hald deg vest (til venstre) for renna. Her er det lett å gå feil. Klyv egga mot høgre til topps.
Toppen er ei stor steinur og har ikkje ein karakteristisk toppformasjon. Kryp gjennom holet mellom dei to steinhellene. Nedturen går via Rametinden. Følg ryggen ned, sjå etter små vardar som fortel vegen, her det mykje steinur og litt klyving enkelt stader. Frå Rametinden går du ned fjellryggen til Breidaksla, bratt gjennom stien i skogen og ut på vegen.