Høgde: 1432 moh.
Tid: 3-4 timar til toppen
Lengd: 4 km
Stigning: 1000 m
Start: Standalhytta ved Standaleidet
Utstyr: Hjelm, spade, søkestong, sendar-mottakar – og isøks og stegjern etter behov.
Ver merksam:
Skredfare ved inngangen til Kvanndalen. Køyrer du ned breen, må du vite kvar du skal køyre med tanke på bresprekkar. På veg opp til Stretet er det både utglidingsfare og i periodar skredfare.
Fin pausestad:
Appelsinhaugen
Særpreg:
Variert terreng
Krydder:
Ta med appelsin til Appelsinhaugen. Overnatte på Standalhytta.
Parker nedanfor Standalhytta og gå i retning Fossane under Søre Sætretind. Følg den markerte V-dalen til du kjem inn på open flate i Kvanndalen og videre nordover opp til Appelsinhaugen (950 moh).
Så går du vest/sørvest sidebratt opp gjennom Stretet, ein trong passasje på egga. Etter Stretet følgjer du brekanten like under egga i retning av toppen som no er synleg heile vegen. Det er vanleg å ta av seg skia og gå dei siste høgdemetrane til fots. Det kan vere ein fordel med stegjern og isøks ved hard snø. Vi valde nedkøyring over breen, men du kan også køyre same veg ned som du gjekk opp.