Store Brekketind

Høgde: 1578 moh.
Tid: 5 timar
Lengd: 9 km (3 km frå Patchellhytta)
Stigning: 760 m
Start: Liasetra i Stranda kommune
Utstyr: Tau, hjelm, stegjern, isøks og klatresele

Merksam på:
Det kan vere vanskeleg å komme seg av breen, særleg seint på året.

Fin pausestad:
Før innsteget på breen.

Særpreg:
Variert og spennande tur med innslag av bre og klyving/klatring. Flott utsikt mot Slogen og Jakta frå toppen.

Krydder:
Ta med heimelaga kake som du kan kose deg med på toppen.

Følg tydeleg sti og merkt sti frå Liasetra og inn Habbostaddalen til Patchellhytta. Gå rett mot nord frå Patchellhytta og like aust for Søre Brekketind, der er det tryggast å stige inn på breen.

Ta med stegjern, hjelm og tau for å krysse breen. Gå over breen til du kjem nord til renna som leier opp i skaret vest for toppen. Frå skaret går du inn i nordsida, det går greitt å klyve heilt til toppen, men nokre føler seg tryggare med å sikre med tau.